Skogrydding

Tindra Nett utfører jamnleg skogrydding langs linjenettet for å hindre straumbrot og for å ivareta tryggleiken til dei som kjem i nærleiken av linja.

skog2.jpg

Linjenett med skog/tre som er nærare spenningsførande linjer enn 1,5 meter eller vert vurdert til å nå ein slik avstand i løpet av ein periode på 5 år, vert kutta ved rota.  

Hogd trevirke vert kappa i handterbare lengder og kvista. Kvist og strongar vert lagt i traséen ved rota. Tindra Nett ser seg då ferdig med trevirket og det er opp til grunneigar kva han vil gjere med det. Stubbane vil bli behandla med plantevernmiddel for å minske tilveksten av skog som kjem innanfor avstanden på 1,5 m frå spenningsførande linjer. Dette vil ikkje bli gjort i hagar. 

Tre i hagar og liknande som grunneigar ikkje ønskjer å fjerne må eigar sjølv kutte/kviste. Avstanden skal til ei kvar tid vere minimum 1,5 meter frå spenningsførande linjer. Vi ber om tilbakemelding der grunneigaren sjølv ønskjer å kutte/kviste.

Grunneigarar vert varsla før skogrydding tek til.