Nøytralitet

TINDRA Nett AS – Nøytralitetsrapport 2022 Nettselskap skal opptre nøytralt Som einetilbydar av nettenester er Tindra Nett i ei særstilling når det gjelder forsyning av strøm til kunder, samhandling med leverandører samt tilgang til informasjon i konsesjonsområdet vårt – i Stranda kommune. For å unngå at særstillinga vert utnytta på tilsikta/utilsikta måte, er det krav frå offentlege myndigheiter om korleis nettselskap skal opptre. Desse krava krev at vi må opptre nøytralt ovanfor våre ulike interessentar og kunder for kjøp og sal av ulike tjenester og tilgang til informasjon om våre tenester. Nettselskapet skal handtere informasjon slik at straumleverandører eller andre tenesteleverandører ikkje vert gjeve konkurranseføremon. Krava til nettselskap sin nøytralitet er dekka i forskrift om måling, avrekning, fakturering og nettjenester og elektrisk energi, nettselskapets nøytralitet mv., samt i forskrift om nettregulering og energimarkedet. For å bidra til at nettselskapene faktisk opptrer nøytralt, er ein pålagt å ha interne rutiner som gjer greie for forpliktingar knytt til nøytral oppførsel som gjeld tilsette og leiinga. Det er krav om årleg publisering av ein nøytralitetsrapport som gjer greie for korleis nøytraliteten kan bli utfordra i einskilde selskap og kva for tiltak som er gjort for å handtere aktuelle risikomoment. Det er felles dagleg leiar for selskapa i konsernet, som er utpekt som nøytralitsansvarleg for selskapet. Dagleg leiar som har støttefunksjonar for selskap i konsernte er tilsett i søsterselskapet Stranda Energi AS. Organisering og profilering av Tindra Nett AS Tindra Nett AS er eit heileig dotterselskap av Stranda Energi Holding AS, eigd av Stranda kommune. I konsernet inngår også dotterselskapet Stranda Energi AS som driv med straumsal – kraftproduksjon, utleige av fibernett og øvrig verksemd. Tindra Nett har ca 3 800 kunder og er underlagt krav om selskapsmessig skillje. Tindra Nett kjøper økonomisk-administrative tenester saman med øvrige selskap i konsernet, i samsvar med krav som framgår i forskrift om kontroll av nettverksemder. Dette gjeld tenester knyttet til IT drift, personal, økonomi og rekneskap, tenester til dokumenthandtering, arkiv, sentralbord og drift av bygg og anlegg. Desse tenestene vert i stor grad utført av søsterselskapet Stranda Energi, inngår i konsernet også 100 % eigd dotterselskap – med Stranda kommune som eigar. Det er ingen personer som er tilsett Tindra Nett AS som også har tilsetting i andre selskap i Stranda Energi Holding -konsernet. Styrerepresentanter i konsernet er gjennomgåande – og har tilsvarande styreoppgåver i dotterselskapa. Tindra Nett har eiga heimeside www.tindranett.no Det er ikkje informasjon om andre kraftleverandørar på selskapet si heimeside. Situasjonar der nøytralitet kan utfordrast Data som kilde til innovasjon og forretningsutvikling er eit samfunnsaktuelt tema, og nettselskapa har informasjon som mange næringsaktørar ønsker tilgang til. Tindra Nett AS etterlever krav om at informasjon som kan gjerast tilgjengeleg for eksterne aktørar, skal gjerast tilgjengeleg for alle på same tida. Ettersom store mengder av den informasjonen som Tindra Nett handsamer er underlagt krav til konfidensialitet iht krav som framgår av Energilov og personopplysningslov, er det svært avgrensa kva informasjon vi i det heile teke kan dele med ålmeinta. Datautveksling med kraftmarknadsaktørar foregår via Elhub, og Tindra Nett gjennomfører forretningsprosessar utan ugrunna opphald for alle kraftleverandørar som har kunder i vårt konsesjonsområde. Tindra Nett inngår i same konsern med anna selskap som har marknadsretta verksemd. Tindra Nett samhandlar med dei andre selskapa i konsernet innanfor reglar fastsatt for nettselskap i konsern. I samarbeid knytt til konsernfelles økonomiske-administrative tenester og i kontakt med kollegaer i andre konsernselskap vert nøytraliteten naturligvis utfordra. Derfor er tilsette i søsterselskapet som har tilgong til informasjon om nettselskapet gjennom sitt tenestlege behov, underlagt taushetsplikt. Tindra Nett – er eig adm.-lagerbygg, som også vert nytta av anna selskap i konsernet. Nettselskapets sine tilsette har eigne kontor – møte- og lagerlokalitetar, men har m.a. felles kantine, møterom og garderober med tilsette i Stranda Energi. Det er skrive konsernintern husleigeavtale med Stranda Energi AS – som leiger kontor/areal til sine verksemder. Dette gjelder overskotskapasitet som er i anlegget – etter gjennomført selskapsmessig skilje. Driftssentralen ligger av sikkerhetsmessige grunnar innanfor adgangsavgrensa område. Kva informasjon frå Tindra Nett kan utnyttast i marknaden? Kravet om at einskildaktørar ikkje skal gjevast tilgong til informasjon som andre ikkje får på same tida, er særleg knytt til informasjon som kan utnyttast i marknaden. All informasjon nettselskapet handsamar vil potensielt kunne utnyttast i marknaden på kort eller lang sikt. Det meste av informasjonen vi handsamar er det sjelden aktuelt å dele med eksterne partar, då informasjonen er underlagt krav til konfidensialitet. Dette gjeld feks informasjon som vert rekna som kraftsensitiv, personopplysningar eller som av andre grunnar det er grunn for å skjerma. Informasjon vi sjølve får frå leverandørar, samarbeidspartnarar og kunder vert halde konfidensielle i tråd med avtaler vi har inngått med den einskilde leverandør o.l. Opplæring og bevisstgjering Samtlige medarbeidere er underlagt en generell taushetsplikt og skal ikke dele selskapsintern eller sensitiv informasjon utanfor selskapet. Det informeres og påminnes jevnlig på felles møter kva nøytral opptreden krev. Nøytralitet - handtering kunder og kraftleverandører Tindra Nett handterar kundesentertenester, måling og avrekning frå eigne tilsette i nettselskapet. Desse medarbeiderane som har tilgong til Tindra Nett sin kundedatabase og vidare tilgang til Elhub kun på Tindra Nett sin vegne. Det vert gjeve lik kundebehandling overfor alle nettkundar med same informasjon og servicenivå uavhengig av kva for kraftleverandør kundene har. Tindra Nett har avtale om samfakturering med søsterselskapet Stranda Energi som er kraftleverandør til våre nettkunder. Kunder med kraftleverandør utan avtale om samfakturering vert fakturert av Stranda Energi. Tindra Nett har objektive og ikkje-diskriminerande tariffar for sine kunder. Tariffane er tilgjengelege på Tindra Nett si internettside. Tindra Nett har ikkje i 2022 motteke klager vedkomande unøytral opptreden i marknaden.

orgkart.jpg