1. juli innfører Tindra Nett ein ny nettleigemodell som vil premiere smart bruk av straumnettet, og skape ei meir rettferdig fordeling mellom kundane. Modellen gjeld for alle privatkundar, fritidsbustader og alle næringskundar med årsforbruk under 100 000 kWh.
Den største utfordringa for klimatiltak og etablering av ny industri i Norge, er å skaffe tilgang på nok kapasitet i straumnettet. Nettleigemodellen skal motivere til best mogleg utnytting av nettet som allereie er bygd, og redusere behovet for nye straumkablar og byte av nettstasjonar før planlagt.
Etter mykje debatt i fjor haust om innføring av ny nettleige, har no ei rekkje nettselskap og organisasjonar samla seg om ei felles utforming av den nye nettleigemodellen. Tindra Nett har valt den same modellen som dei fleste nettselskap i landet og har samarbeida med andre nettselskap både nasjonalt og internt i fylket.
Lading av elbil
Tindra Nett sitt mål med den nye nettleigemodellen er at den skal motivere til best mogleg utnytting av nettet som allereie er bygd, og redusere behovet for nye straumkablar og byte av nettstasjonar.
Lågspentnettet er dimensjonert for samtidig effektuttak på 5-10 kW pr kunde. Det er også dette effektuttaket dei fleste privatkundar har. No når stadig fleire får elbilar vert dette ei utfordring for nettet. Straumnettet har ikkje kapasitet til å lade mange elbilar med høg effekt samstundes i same område. Dette gjeld heile døgnet, og ikkje berre på dagtid. Nettleigemodellen er utforma for å motivere elbileigarar til å lade sakte og sikkert, og på den måten vere med å halde nettleiga nede etter kvart som fleire får elbil.
Den nye nettleiga gir deg større moglegheit til å påvirke kva du betalar. Det vil lønne seg å fordele forbruket gjennom døgnet, og det vil vere rimelegare å lade elbil trygt om natta. Men vi anbefaler ingen å bruke vaskemaskin etc. når dei sover, det er det minimalt å spare på.
Hugs tryggleiken
Tindra Nett er svært opptekne av at kundane ikkje må ta val som går på kostnad av eltryggleiken.
Lad elbilen forskriftsmessig på natta og ikkje bruk vaskemaskin, oppvaskmaskin og tørketrommel når du søv eller ikkje er heime. Det er minimalt å spare på nettleiga ved å bruke hushaldningsapparat om natta.
Slik blir den nye nettleiga
- Frå 1. juli vil nettleiga bestå av to delar: eit kapasitetsledd og eit energiledd. I tillegg kjem offentlege avgifter.
- Kapasitetsleddet vil ha ulike trinn, som i ei trapp. Prisen vil stige dess meir straum du brukar samstundes. Jamnar du ut forbruket over heile døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn dersom du bruker mykje straum samstundes.
- Gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk i førre månad (på tre ulike dagar) vil avgjere kva trinn du hamnar på .
- Energileddet vil ha ulik pris på dagtid og om natta. Natt er mellom klokka 22.00 og 06.00
Gode tips til trygg bruk av straumnettet