Leveringsplikt

Tindra Nett har plikt til å levere straum til dei av våre nettkundar som midlertidig står utan avtale med ein ordinær kraftleverandør. Denne ordningen vert kalla "leveringsplikt", og skal sikre at du automatisk får midlertidig tilgang på straum ved flytting eller andre spesielle situasjonar.

Leveringspliktig straum er dyrt etter seks veker og dyrare enn straum frå kraftleverandørane. Pris på leveringspliktig straum er basert på spotpris tillagt eit påslag som inkluderar tillegg for elsertifikat. Nettleige kjem i tillegg. Alle prisar inkl. mva. 

Dei første seks vekene er prisen regulert frå myndighetene. Etter seks veker skal påslaget hevast for å motivere deg til å skaffe deg ein ordinær kraftleverandør. 

Periode Pris
Første seks veker: Nord Pool Spotpris + påslag (6,25 øre/kWh)
Etter seks veker: Nord Pool Spotpris + påslag (6,25 øre/kWh) Gjeld fram til 01.01.2024

Slik unngår du leveringsplikt:

Det lønner seg å skaffe avtale med ein ordinær kraftleverandør innan seks veker. Du unngår å stå lenge på denne ordningen ved å:

  • Sjekke om Tindra Nett står oppført som kraftleverandør på fakturaen din. I så fall står du på leveringsplikt.
  • Om du ikkje alt har gjort det - bestill straumavtale med ein ordinær kraftleverandør. Du står fritt til å velge kva kraftleverandør du vil inngå avtale med.
  • Få oversikt over straumprisar frå ulike kraftleverandørar i ditt område på www.strompris.no